VÅR KJÆRLIGHETSHISTORIE

Aina & Vegard! Lurer du kanskje på korleis det vart dei to. Her kjem deiras kjærleikshistorie. Den er kanskje ikkje spesiell, men Aina og Vegard synest den er fin. 

Både Aina og Vegard er oppvaksne i vakre Telemark, nøyaktig 32 km frå kvarandre. Men det skulle likevel ta ganske mange år før dei fann interesse for kvarandre. Aina syntest Vegard var meir interessant enn han syntest ho var! Heldigvis skulle dette endre seg den 29.05.2016, etter ein kveld dei var ute på Bull inn heime i Bø. Der vart det enige at dei skulle besøke Aina i Oslo, og gruppen «Oslooooo Baby» blei oppretta. Det var starten på det som etter kvart vart trioen Aina, Martine og Vegard som heldt saman i tykt og tunt. 

 Vegard vart etter kort tid betatt av Aina, medan Aina hadde fått seg ein ny bestevenn. Etter kvart som tida gjekk og Vegard ikkje gav opp håpet om Aina, innsåg Aina på si side at det var denne guten/mannen ho ville tilbringe resten av livet sitt med.

Aina, Vegard og Viktor vart etter kvart ein fin lita familie. Vegard hadde alt kjent Viktor i nokre år, så rolla som "bonus pappa" tok han på strak arm og gjorde ein 10/10 innsats. I 2022 vart Aina og Vegard foreldra til lille Sveinung. Viktor vart storebror, og familien er endeleg komplett. 

På nyttårsaften 2023 i Budapest gjekk Vegard ned på kne for å fri til si kjære Aina. Svaret vart eit stort JA! Nå er Aina og Vegard verkeleg klare til å feire kjærleiken med alle dei er glade i den 15.06.24 

Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang