. Kva skjer 

14 til 16. juni 2024


vProgram

Her kjem litt praktisk informasjon om bryllaupshelga vår:

Det blir servert pizza frå steinomn på fredag, og ta med det de ønskjer av drikke sjølve.

Det blir ikkje servering av mat før minglinga etter vigsla, så det er lurt å ha med mat til frukost både laurdag og sundag. Det er kjøken i hovudhuset, og alle glampingane har kjøleskåp, grill, vasskokar og presskanne, samt bestikk og tallerkenar.

Det er mogleg å dusje, men vi må vere sparsame slik at det er nok varmtvatn til alle.

Under vigsla ønskjer vi at alle lar telefonane liggje i lomma eller veska.

Det er fri bar på laurdag. Det kjem til å bli servert: bobler, raudvin, kvitvin, øl, Baileys, konjakk, GT, Razz og brus. Viss det er noko anna du ønskjer å drikke, må du ta med det sjølv.

Vi rår alle til å sjekke vêrmeldinga før dei kjem og ta med seg varme klede. Det er avgrensa med parkeringsplassar på Breiva, så det er fint viss dei som har moglegheit, kan samkøyre 

Vi gler oss til å feire kjærleiken med deg!

 

Fredag 14.06.24:

- 16.00: Innsjekk (for dei som skal overnatte på Breiva Glamping)

- 18.00: Sosial samling og det blir servert mat. Ta med deg det du ønsker å drikke

 – 23.00: God natt

Lørdag 15.06.24:

- 15.00: Vielse

- 15.30: Bobler og mingling-leikar (fotografering av brudeparet)

- 18.00: Middag

- 20.00: Fest og musikk

- 00:00: Nattmat

- 01.00: FESTEN fortsetter til sistemann er i seng!

Søndag 16.06.24:

- 12.00: Utsjekk (gjelder dei som bur på Breiva Glamping)
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang